Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen


Du er her: Forside Transport Biodrivstoff Peugeot og Citroën på B30!

Peugeot og Citroën på B30!

av Cato Buch 11.Sep.2007 - 15:40

Hydro Texaco(YX) har kasta seg inn på biodieselmarknaden, og opna nyleg tre nye pumper med 30 prosent innblanding av biodiesel. Peugeot og Citroën nytta høvet til å kunngjere at alle deira dieselbilar kan køyre på denne blandinga!

Pumpene med B30 - diesel med 30 prosent innblanda biodiesel - er førebels å finne i Trondheim, Stavanger og på Bækkelaget utanfor Oslo. YX har ingen konkrete planar for vidare utbygging, men presiserer at dei sjølvsagt har tankar for framtida.

- Til liks med fleire andre selskap er vi inne i ein prøveperiode. Me ynskjer finne ut av etterspurnaden og korleis dette fungerer i praksis, seier marknadssjef i YX, Odd Salberg.

Den siste tida har det vore stor merksemd kring biodiesel, og stadig fleire selskap kjem på bana. Ofte har satsinga på innføring av drivstoffet diverre stoppa opp i eitt eller fleire ledd.

- Ei av utfordringane er at både leverandørar og bilprodusentar må bli trygge på denne satsinga, held Salberg fram.

Peugeot Norge er eit unntak i denne rekka, og har no godt nytt til sine miljømedvitne kundar:

- Absolutt alle dieselbilane våre kan køyre på B30! Men, det er viktig å påpeike at det må vere EU-godkjent biodiesel, seier importør Frank Vatne.

Bjørn Gunnar Brodersen frå Citroën svarer med same mynt:

-Ja, alle våre dieselbilar kan òg køyre på B30.

Vatne frå Peugot meiner bilbransjen blir stadig meir opptatt av miljø, og konkurransen på feltet aukar. 

- Ja, bilbransjen har verkeleg gjort heilomvending i måten å tenke på. Bilutstillinga i Frankfurt nyleg syner at bransjen tar miljø på alvor.

Han legg til at Peugeot stiller med ein spanande diesel-hybrid, ein bil som kombinerer straum og diesel.

- Dersom alt går etter planen, kan den vere på den norske marknaden i 2009, avsluttar Vatne.

Renault har òg meldt si interesse på miljøfronten, og melder at frå og med neste år skal halvparten av alle nye Renaultar gå på B30 eller E85 (Etanol).

Tal henta frå Opplysningsrådet for vegtrafikk viser at salet av dieselbilar aukar enormt. I første halvår av 2007 var andelen på
75 prosent i favør diesel.



Fakta:

Drivstoff produsert med utgangspunkt i fornybart materiale blir ofte kalt biodrivstoff. Dette er drivstoff fremstilt av fornybare råstoff. Det betyr at den samme mengden CO2 som blir frigjort ved forbrenning bindes opp igjen når planten vokser opp igjen. Slike drivstoff inngår derfor i naturens naturlige karbonkretsløp og bidrar derfor ikke til drivhuseffekten på samme måte som fossile drivstoff gjør, der man slipper ut mer CO2 enn naturen er i stand til å binde opp.



NYHETER OM BIODRIVSTOFF

Bilutstilling og prøvekjøring under Zerokonferansen

ZERO har invitert norske bilforhandlere til å stille ut sine elbiler, ladbare hybrider og hydrogenbiler under Zerokonferansen 21.-22.novemb (...) 14.Nov.2011
Read more..

Freder avgiftsfritakene for fornybare drivstoff og elbiler frem til 2015

Det er et gjennombrudd at Regjeringen freder avgiftsfritaket for fornybare drivstoff og elbiler i alle fall frem til 2015. Men dette er for (...) 06.Okt.2011
Read more..

Andreas Mikkelsen vant årets Zero Rally

Team Andreas, med Andreas Mikkelsen og Andreas Nergaard (bildet), vant årets Zero Rally med elbilen Tesla Roadster i klassen for elbil tour (...) 09.Jun.2011
Read more..

Kommunale klimakjøretøy – en mulighet?

Onsdag 8. juni inviterer ZERO og Energirådet innlandet til seminar om klimavennlige biler og offentlige innkjøp på Hunderfossen familiepa (...) 25.Mai.2011
Read more..

Side-alternativer
Personlige verktøy