Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen


Du er her: Forside Om ZERO ZERO og finansiering

ZERO og finansiering

av Unni Berge 04.Des.2009 - 11:00
last modified

Den siste tida har det vore fleire oppslag om korleis miljøorganisasjonar finansierer verksemda si, og skuldingar har kome om at ein arbeider for interessene til sponsorar. ZERO vil difor understreke: Miljø- og klimasaken er ZERO sin einaste oppdragsgjevar. Her gjer vi greie for prinsippa for vårt arbeid og for finansieringa vår.

ZERO er organisert som stifting og har difor ingen medlemmer, og heller ingen medlemsinntekter. Størstedelen av finansieringa vår får vi frå privat sektor. Dette er inntekter frå annonsesal på www.zero.no, i publikasjonar vi gjev ut og til arrangement vi gjennomfører. Vi har også inntekter frå samarbeidsavtaler med privat næringsliv, og ekstern finansiering til konkrete prosjekt som ZERO ønskjer å gjennomføre.

Som med all anna verksemd, både av kommersiell og ideell art, møter ZERO sjølvsagt etiske problemstillingar i vårt inntektsarbeid. Difor er det viktig med retningslinjer for dette arbeidet. Mest sentralt her er at ZERO er ein miljøorganisasjon, ikkje eit konsulentselskap. Vi har eit ideelt formål. Miljø- og klimasaken er vår einaste oppdragsgjevar. Dette prinsippet gjer at ZERO frå tid til anna seier nei til tilbod om inntekter. 

ZERO hentar inn inntekter både frå bedrifter som har store klimagassutslepp, og bedrifter som har løysingar på klimakrisa som forretningsidé. Vi ”grønvaskar” såleis ikkje dei som gjev pengar til oss. Det viktige for oss er ikkje kvar pengane kjem frå, men at det er vi sjølv som definerer kva aktivitetar vi skal gjennomføre og kva standpunkt vi skal ha. Inntektene til ZERO skal gå til å arbeid for løysingar på klimakrisa, i tråd med dei prinsippa som er grunnlaget for ZERO.

ZERO vart starta som miljøorganisasjon med mål om å avgrense klimaendringane. Dette skal vi gjere ved å vere konsekvente pådrivarar for at utslippsfrie energiløysingar blir tatt i bruk framfor dei forureinande. Tradisjonelt hadde miljørørsla i Noreg lagt ned mykje arbeid i å arbeide mot forureinande løysingar. Dette er fortsatt viktig, men ikkje nok for å løyse klimakrisa. For å kutte så mykje i klimagassutsleppa som naudsynt, trengs det også nokon som arbeider for å fremje alternativa og løysingane.

Arbeidet til ZERO handlar difor om å vise alternativet til å sleppe ut klimagassar. Vi arbeider for at fossil energi vert erstatta av fornybar energi, og for at samfunnet skal bruke energien meir effektivt. Samstundes erkjenner vi at sidan ein så stor del av energibruken i verda er fossil, vil fangst og lagring av CO2 vere eit viktig utsleppsreduserande verkemiddel framover. ZERO aksepterer aldri bruk av fossil energi utan CO2-fangst og lagring.

For å løyse klimakrisa arbeider ZERO for at rike land som Noreg, med høge utslepp per innbyggar, må kutte utsleppa sine med over 90 prosent. Dette betyr i praksis at ein må slutte å sleppe ut klimagassar. Det er denne aktiviteten som ZERO hentar inn finansiering til.

Det naudsynte og ambisiøse målet om å slutte og sleppe ut klimagassar, kombinerer vi med å vere konstruktive, pragmatiske og villige til å samarbeide sjølv med de største forureinarane for å oppnå resultat. 

ZERO vil påpeike at vi har stor nytte av vår kontakt med privat næringsliv. Vi kunne knapt ha så stor kompetanse på teknologiske løysingar utan dialog med industrien. Vårt arbeid med rammevilkår i klimapolitikken vert også styrka av å bryne våre argument og vår kunnskap på bransjar som har interesser i saken. Frå tid til annan hender det dessutan at vi inspirerer og utfordrar bedrifter til å ta i bruk ny teknologi som kan gje klimagassreduksjonar.

Enten kontakten med næringslivet handlar om å tilegne seg ny teknologisk kunnskap, diskutere rammevilkår, skaffe sponsormidlar eller vere pådrivar for betre val i bedrifta, står grunnlaget for dialogen heile tida fast: Formålet til ZERO er å finne og fremme løysingar på klimaproblemet.

Bakgrunn for saka:
3. desember omtala NRK Dagserevyen at ZERO har auka driftsinntektene frå 4 til 13 millionar i perioden 2006 til 2009. Reportasjen stilte spørsmålet om pengar frå næringsliv til miljøorganisasjonar var grønvasking av verksemd i privat sektor. Vidare uttala tidlegare miljøvernminister Torbjørn Berntsen på NRK i dag (4. desember) at han mistenker miljøorganisasjonar som ZERO å arbeide for interessene til sponsorane sine heller enn for miljøet. Konkret nemner han at ZERO arbeider for betre rammevilkår for el-bil, samstundes som vi mottek pengar frå bilbransjen. Sist veke gjekk dessutan økonomiprofessor Steinar Strøm ut og kritiserte ZERO fordi vi fremmer subsidier som verkemiddel for å implementere ny teknologi, heller enn utelukkande auka karbonpris. Strøm trur at vårt standpunkt kjem av at vi har tette band til næringslivet.



Fakta:

Zero Emission Resource Organisation (ZERO) er en åtte år gammel miljøstiftelse som skal bidra til å begrense klimaendringene gjennom å vise fram og få gjennomslag for utslippsfrie energiløsninger og andre gode klimatiltak. ZERO arbeider for satsing på fornybar energi og teknologiske løsninger som gir utslippskutt innenfor sektorer som petroleum, kraftproduksjon industri, transport, bygg og jordbruk. ZERO er en miljøorganisasjon i vekst og har i dag rundt 25 ansatte.



ANDRE NYHETER

Forventer stor pågang til stjernespekket konferanse.

Zerokonferansen 2011 blir årets viktigste arena for diskusjon om klimatiltak og –teknologi i Norge. Konferansen arrangeres 21.-22. novemb (...) 08.Aug.2011
Read more..

ZERO kondolerer

ZERO er i dyp sorg etter terroranslagene mot regjeringskvartalet og ungdomsleiren på Utøya. Vi sørger med dem som har mistet det kjærest (...) 23.Jul.2011
Read more..

Jubler for U2-støtte

U2 kommer til Oslo og inntektene fra konserten går til ZERO. - Overraskende, men selvsagt hyggelig, sier Einar Håndlykken. (...) 01.Apr.2011
Read more..

Martin Henriksen fra AUF til ZERO

Martin Henriksen (32), som gikk av som leder i AUF i oktober i fjor, begynner å jobbe i ZERO. I ZERO skal han blant annet arbeide med ZEROs (...) 28.Jan.2011
Read more..

Side-alternativer
Personlige verktøy