Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen


Du er her: Forside Om ZERO Nabolanda satsar stort på kumøkk

Nabolanda satsar stort på kumøkk

av Hanne Løvik Kirknes 09.Sep.2010 - 09:25
Zero Emission Resource Organisation (ZERO) er en åtte år gammel miljøstiftelse som skal bidra til å begrense klimaendringene gjennom å vise fram og få gjennomslag for utslippsfrie energiløsninger og andre gode klimatiltak. ZERO arbeider for satsing på fornybar energi og teknologiske løsninger som gir utslippskutt innenfor sektorer som petroleum, kraftproduksjon industri, transport, bygg og jordbruk. ZERO er en miljøorganisasjon i vekst og har i dag rundt 25 ansatte.

  • fornybar

Sist veke la styresmaktene i Sverige fram ein nasjonal strategi for satsing på biogass. Sentralt blant tiltaka står eit tilskot på 20 øre per kilowattime til biogass frå husdyrgjødsel for reduksjon av store metangassutslepp.

Sverige er berre eitt av våre naboland som satsar tungt på utvinning av biogass frå husdyrgjødsel ifølgje organisasjonen Zero, som jobbar for kutt i utsleppa av klimagassar. Ein Bioforsk-rapport frå 2008 viser at det då var over 4000 biogassanlegg i Tyskland, etter at den rødgrøne koalisjonsregjeringa for fleire år tilbake innførte sterke økonomiske verkemiddel for å stimulere til biogassutbygging. Det blei berekna ein utbyggingstakt på 50 nye anlegg per månad.

- Tyskland har svært gode støtteordningar for utbygging av nye biogassanlegg. Ein del av støtta kjem i form av ein garantert minstepris på energien frå anlegget. Basisstøtta er på over 90 øre per kilowatt, i tillegg til bonusordningar om til dømes leveransen går til eit varmeanlegg. Samla kan støtta kome opp i over 1,50 kroner per kWh for nye og mindre anlegg, seier biogassrådgjevar Johannes Hojem i Zero, og viser til at støtta er mindre per kWh til større anlegg.

I mange av anlegga i Tyskland blir det brukt energivekstar som mais kombinert med husdyrgjødsel som råvare i biogassproduksjonen.

Også i Danmark har støtteordningane for biogassanlegg vore gode, og der har mangel på spreieareal for husdyrgjødsla vore ei drivkraft. Danmark hadde tidlegare ein garantert minstepris på 60 øre per kWh i 10 år, og deretter 40 øre i nye 10 år. Støtteordninga skal derimot ha blitt kraftig svekka under dagens danske regjering, ifølgje Zero.


Norwegian

Nationen.no

http://www.nationen.no/2010/09/09/landbruk/kumokk/sverige/danmark/tyskland/6148555/
Side-alternativer
Personlige verktøy