Biodiesel kan gjere dyrefeitt ettertrakta
- biodrivstoff
Planen om storstilt dieselproduksjon av dyrefeitt får god mottaking.
Energiutnyttinga er derimot best med dagens bruk til dyrefôr, viser rapport.
Planane om å byggje Uniol i Fredrikstad om til Europas største dieselfabrikk basert på råvarer frå slakteri, som Nationen skreiv om i går, får god mottaking i både landbruks- og miljøkrinsar. Ved å kunne ta i bruk animalske råvarer vil Uniol redusere produksjonskostnadene.
Målet er lønsam drift trass i fjorårets innføring av autodieselavgift (vegavgift) på biodiesel, noko som fekk stor medieomtale i fjor.
Organisasjonen Zero, som arbeider for kutt i utsleppa av klimagassar, applauderer prosjektet.
- Viss dei klarer å realisere planane, er dette svært godt nytt. Biodiesel høyrer framtida til, og det er veldig bra om slakteriavfall kan nyttast på denne måten, seier leiar Einar Håndlykken i Zero.
Norwegian
Nationen.no
http://www.nationen.no/2010/09/07/naring/dyrefeitt/slakteriavfall/diesel/biodiesel/6143013/

