Utvalet, som er sett ned av Kommunal- og
regionaldepartementet er leia av Eli Arnstad, tidlegare leiar i Enova, og hadde
representantar frå eit breitt spekter av byggenæringa.
Strenge krav til nybygg snart er, i følgje
utvalet, sentralt for å oppnå energieffektivisering innan 2020. Dei foreslår
passivhus som standard i 2015 og at det offentlege skal ta ansvar for å hente
inn erfaring og difor ha krav om passivhusstandard eitt år tidlegare, i 2014.
ZERO stiller seg bak forslaget og meiner passivhusstandard for offentlege bygg
i 2014 er både realistisk og fordelaktig. Det er viktig at det offentlege går i
front for å ta kostnadane knytt til erfaringsutvikling i byggebransjen ved å
krevje høgare energistandardar enn det private.
Fleire kommunar er allereie komne i gang
med å bygge etter passivhusstandard, og det finst dømer på mange skular,
barnehagar og sjukeheimar med svært lågt energibehov. Desse forbildeprosjekta
syner at det allereie eksisterer kompetanse i landet og snarleg innføring av
krav om passivhus i det offentlege vil auke den nasjonale kompetansen og gjere
energieffektivisering frå bygg mogleg.