Hent ned rapporten her
Samandrag
Det er eit politisk mål å fase ut bruken av fossil energi til oppvarming av bygg i Noreg. Denne ZERO-rapporten undersøker kva effekt CO2-avgift på fossil fyringsolje og fossil gass har for å nå dette målet.
Allereie tidleg på 90-talet innførte Noreg CO2-avgift på fossil fyringsolje. I dag fins det ein rekke utsleppsfrie, fornybare og energieffektive oppvarmingsalternativ tilgjengeleg i marknaden som bioenergi, varmepumper, solenergi og fjernvarme. Likevel har utslepp av klimagassar frå oppvarming av bygg ikkje blitt redusert vesentleg dei siste to tiåra. Det tyder på at CO2-avgifta slik ho er utforma i dag ikkje er eit styringseffektivt verkemiddel.
Denne mislukka avgiftspolitikken førast trass i at ein gjennomgang av statistisk materiale i denne rapporten syner at norske forbrukarar let seg i stor grad påverke av pris når dei vel kva dei skal varme bygget sitt med.
Bruk av data basert på historiske endringar i etterspurnad etter oppvarmingsprodukt syner at ein avgiftsauke på to kroner vil kunne gi ein reduksjon i forbruket av fyringsolje på 16 prosent i løpet av kort tid. Det tilsvarar 87 millionar liter olje eller CO2-utsleppa frå 100 000 bilar årleg.
Den vanlegaste oppvarmingskjelda i norske bygg i dag er straum, gjennom bruk av panelomnar, og elektrisitet står aleine for 80 prosent av marknaden. Fossil fyringsolje er også betydeleg i bruk og fører til direkte klimagassutslepp på opp mot 2 millionar tonn CO2 årleg. Av dei mest klimavennlege oppvarmingsalternativa er det berre varmepumper og til dels fjernvarme som har styrka stillinga i marknaden vesentleg dei siste åra. Fjernvarme brukar dessutan ein del fossil energi i varmeproduksjonen, så heller ikkje her sørgjer verkemiddelbruken for at fossil energi vert vald heilt bort.
Både statistikk og fleire studium viser at særleg brukarar av panelomnar har vanskelegare å få til å skifte varmekjelde, fordi dei ikkje har oppvarmingsutstyr tilpassa dei fleste andre løysingar. Det positive med dette funnet er at dei som bruker fossil energi direkte, oftare har installert vassbåren varme. Vassbåren varme gjer at ein har fleire klimavenlege varmealternativå velje mellom. Dersom priskonkurransen mellom fossil energi og klimavenlege varmealternativ endrar seg, vil difor den vesentlege barrieren for å fjerne fossil oppvarming i norske bygg fjernast.
Denne konklusjonen blir støtta av erfaringar frå Sverige der ein har bygd ut vassbåren varme i langt større grad enn i Noreg. Då ein auka den svenske CO2-avgifta, sank forbruket av fossil fyringsolje vesentleg. I dag har Sverige eit avgiftsnivå på fossil fyringsolje som er over dobbelt så høgt som i Noreg.
Når det gjeld energieffektivisering, viser tala også at tiltak som fører til reduserte kostnader til oppvarming blir delvis teke ut i høgare komfort og auka forbruk av varme. For å redusere bruken av energi til oppvarming er difor høgare priser, gjennom avgiftsauke, viktig for å oppnå resultat. For å få til både reduksjon i klimagassutslepp og energieffektivisering bør ein auke i el-avgifta parallelt med CO2-avgifta.
Funna i denne rapporten viser at bruk av avgift for å regulere marknaden vil vere effektivt, men at nivået på avgifta bør aukast. For å fremje dei mest klimavenlege varmealternativa vil det gje enno større effekt dersom høg avgift kombinerast med investeringsstøtte til oppvarmingsutstyr tilpassa fornybar oppvarming.