- Bystyret har vedtatt at alle kommunens nye bygg skal bygges med passivhusstandard fra 2014, melder Oslo kommune på si heimeside, Miljøportalen.
Regjeringa har gått inn for at alle nybygg frå 2020 skal byggast som passivhus og har varsla om ei opptrapping av energikrava til byggsektoren fram til 2020.
Definisjonen på eit passivhus er at det er eit energieffektivt hus som reduserer mengda energi til oppvarming og elektrisitet. Utbreiinga i Norge har hengt etter mange andre europeiske land, der energikostnadane er høgare. Hovudfokus ved eit passivhus er å gjere utnytting av energi så høg som mogleg på same tind som ein reduserer behovet for energi ved å isolere godt og produsere energi ved hjelp av huset. Solceller er til dømes utnytta i stor grad for å generere energi.
Passivhus er eit alternativ som kan gjere byggsektoren mindre energikrevjande. I dag står bygg for om lag 40 prosent av energibruk i den stasjonære sektoren i Norge og klimagassutsleppa frå denne sektoren er på to millionar tonn CO2. Det tilsvarar utsleppa frå to Snøhvitkraftverk. I byggsektoren eksisterer allereie mange løysingar for å redusere energibruken, og passivhus tek i bruk mange av desse. På den måten kan passivhus vere med å frigjere energi til andre sektorar.
- Vedtaket er et viktig klimatiltak fordi vannkraft fristilt fra oppvarmingsbehov kan brukes til nullutslippstransport eller eksport til utlandet, heiter det i begrunninga til Oslo kommune.
Les mer på miljøportalen