Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen


Du er her: Forside Fornybar Energi Avgiftsfritak ikkje ei endeleg løysing for fjernvarmen

Avgiftsfritak ikkje ei endeleg løysing for fjernvarmen

av Hans Andreas Starheim 10.Mai.2010 - 15:20
last modified

At regjeringa går inn for fjerning av forbrenningsavgifta i revidert statsbudsjett vil gjere fjernvarme i Norge meir lønsamt, men vil ikkje snu eksportstraumen av avfall til Sverige. ZERO har ikkje støtta å fjerne denne avgifta fordi den prisar utslepp av CO2 og fremmer matrialgjenvinning.

Å fjerne forbrenningsavgifta er ikkje nok for å snu eksportstraumen av avfall til Sverige.

I heile vinter har debatten gått om avfallseksport til Sverige. Store mengder avfall har blitt transportert med lastebiler heilt frå Vestlandet til Sverige for å brennast der, og varmen som har blitt produsert har blitt brukt til å varme opp svenske bustader gjennom det svenske fjernvarmenettet. På same tid har den norske fjernvarmebransjen forsøkt å utvide og manglande tilgang på den billege varmen frå avfallsforbrenning har vore eit problem. 

Årsaken til at avfallet har blitt eksportert til Sverige er betre lønsemd i den godt etablerte svenske fjernvarmen i motsetnad til den norske som er i startfasen mange plassar. For å bøte på denne skilnaden i lønsemd går Regjeringa i revidert statsbudsjett inn for å kutte avgifta på forbrenning av avfall frå 1. oktober 2010. 

ZERO forstår godt frustrasjonen mange kjenner ved at avfall køyrast til Sverige for å brennast og syns det er gledeleg at konkurransevilkåra for fjernvarme blir lettare, slik at vi kan sjå ei vidare satsing på utbygging av slik infrastruktur som på sikt kan sikre meir effektiv energiutnytting og vere eit alternativ til fossile oppvarmingskjelder. Ei fjerning av forbrenningsavgifta, som ligg på kring 90 kroner per tonn, er likevel ikkje ei endeleg løysing på problemet. Skilnaden i pris mellom dei to landa ligg på over 300 kroner per tonn og eksporten vil ikkje snu for alvor før desse prisane blir likare. 

Hovudårsaken til at svenske forbrenningsanlegg er så mykje rimelegare enn norske, er at viljen til å betale for fjernvarme i Sverige er veldig mykje høgare. Prisane på elektrisitet, fyringsolje og naturgass ligg milevis over norsk nivå, grunna høge avgifter. Prisen fjernvarmebedriftene kan ta for varmen dei leverer er difor mykje høgare. I tillegg kjem det at Sverige har satsa på fjernvarme sidan 50-talet, som gjer at gjelda knytt til deira infrastruktur er mykje lågare. Ikkje før ein tek tak i desse spørsmåla vil den norske eksporten av avfall kunne snus for alvor. Ein auke i avgiftene på straum, fyringsolje og naturgass er heilt avgjerande for å kunne etablere lønsam fjernvarmeproduksjon i Norge.

Fjerning av forbrenningsavgifta vil redusere kostnadane i norsk fjernvarmeproduksjon. ZERO forventar at dei reduserte kostnadane vil kome til nytte i gode, klimavennlege tiltak i fjernvarmesektoren. Til dømes er den utstrakte bruken av fossil olje og gass i spisslast med på å redusere fjernvarmen sin verdi som klimatiltak og overgang til biobasert spisslast vil vere eit godt miljøtiltak i fjernvarmeproduksjonen.

Målet med avgifta på forbrenning av avfall er også å gi insentiv til matrialgjenvinning. Avfall er ein rimeleg ressurs som det er konkurranse om frå fleire kantar. God og effektiv bruk av ressursane frå avfall er viktig for å få ned den fossile delen avfall som går til forbrenning, som matrialgjenvinning av fossil plast og auke tilgangen på avfall til produksjon av klimavenlege produkt, som biogass. Ved å fjerne forbrenningsavgifta er det ikkje lenger økonomiske insentiv til å fremje matrialgjenvinning og reduksjon av CO2-utslepp frå forbrenning. Nye, effektive verkemiddel for å sikre desse insentiva må difor på plass.

 

 


Fakta:

Fornybar energi er et begrep som omfatter energi fra kilder som har en kontinuerlig tilførsel av ny energi, og ikke kan tømmes innenfor tidsrammene som er gitt av menneskehetens tidsskala. Fornybare energikilder er for eksempel solenergi, vannkraft, vindkraft, bioenergi, bølgekraft, geotermisk energi, tidevannsenergi og saltkraft. Med unntak av geotermisk energi og tidevannsenergi, har all fornybar energi sin opprinnelse i solenergi.



NYHETER OM FORNYBAR ENERGI

- Kraftlinja er et viktig klimaverktøy

Zero er glad for at kraftlinja mellom Ofoten og Hammerfest med dagens konsesjon er ett skritt nærmere realisering. Linja er viktig for kutt (...) 02.Mai.2012
Read more..

Statoil og Seaweed Energy Soulutions innleder samarbeid om energi fra tare

Norske Seaweed Energy Solutions (SES) og Statoil har nylig inngått en samarbeidsavtale om å utvikle teknologi for å dyrke og utvinne ener (...) 15.Mar.2012
Read more..

ZERO savner klimaambisjoner

Avdelingsleder Einar Wilhelmsen i ZERO savner en tydelig kobling mellom nettutbygging og klimakutt i dagens Nettmelding. Les ZEROs pressemel (...) 02.Mar.2012
Read more..

Fremtidens plast lages ikke av olje, men dyrkes i skogen eller på åkeren.

Plast finnes absolutt over alt rundt oss. Klærne du har på deg, møblene rundt deg, telefonen du snakker i og nettbrettet du surfer på. S (...) 10.Feb.2012
Read more..

Side-alternativer
Personlige verktøy